Videokonferanse
Med videokonferanseutstyr kan ein kople saman fleire møterom rundt om i verda til eit felles møte. Dette skjer ved direkte lyd- og bilde-overføring omtrent som på fjernsyn. Stryn Næringshage kan setje opp dette møte via videokonferanse mot alle andre næringshagar og dei større byane.
På denne måten kan ein ha effektive møte utan å bruke verdfull arbeidstid eller pengar på reising.
Møter
Stryn Næringshage har møterom som høver for 2-15 personar.
- Mobilt videokonferanseutstyr kan nyttast i alle møterom
- Videokanon kan nyttast i alle møterom
- Over-head, lerret, tavle (white-board) og skriveblokk (flip over)
- PC knytt til breibandsnett
- Dokumentkamera
Vi tilbyr også hjelp til det praktiske rundt møtearrangementet
- Fagleg innhald
- Invitasjon og praktisk gjennomføring av arrangementet
- Evaluering av arrangementet
Etableraroppfølging
- Stryn Næringshage samarbeidar tett med Stryn og Hornindal kommunar om oppfølging av personar med idear om å starte si eiga verksemd. Vi kan hjelpe deg som har ein ide fram i jungelen av skjema og ordningar.
- Vi starta etablerarforum for Stryn og Hornindal, ein fagleg og sosial møteplass for personar med idear, planar eller som er i ferd med å etablere eiga verksemd.
- Treng du hjelp for å formulere og konkretisere forretningsideen din før kontakt med finansieringsinstitusjonar og SND stiller vi opp med inntil 10 timar kostnadsfri etablerarhjelp.
- Vi kan tilby fri kontorplass og tilgang til infrastrukturen vår (breiband og kontorutstyr) i denne fyrste fasen for å få eit tett og godt samarbeid.
- Stryn Næringshage fungerer som knutepunkt inn mot andre nettverk og kan ta deg og ideen din eit steg vidare. Har du ein ide du vil diskutere så nøl ikkje med å ta kontakt.
Stryn Næringshage
Tinggata 3, 6783 Stryn
Tlf: 57 87 54 50
Fax: 57 87 54 51
|
|
 |
|