|
Framtidsretta løysing for Stryn Sommerski
Torsdag kom dei siste brikkene endeleg på plass med bankar og eigar Hans Skibenes som no har seld seg ut av anlegga på Tystigen og Folven Camping.
Moods of Norway og Nordfjord Kjøtt blir hovudaksjonærar
Det er veldig gledeleg at to store aktørar i Stryn går inn i eigedomsselskapet. Moods of Norway og Nordfjord Kjøtt teiknar begge aksjar i eigedomsselskapet for 1 million kvar. I tillegg går Stryn kommune inn med aksjekapital på 900.000,-.
Hovudaksjonærane skal ikkje drive anlegget, men har stilt kapital og kompetanse til rådigheit for ei langsiktig løysing. Ei leigeavtale blir utvikla for at driftsselskapet skal ha eit godt grunnlag for å gjenskape gode forhold på Strynefjellet, samtidig som ein kan utvikle anlegget på lang sikt. Eigarselskapet vil og ha ein mindre aksjepost i driftsselskapet. Fire bankar har bidrege godt for at vi no endeleg har kome til ei god løysing.
Invitasjon til aksjekapital
Ein er avhengig av eit godt og solid driftsselskap for at alle sommarskientusiastar og næringslivet rundt fjellet skal kunne utvikle fjellet på ein god måte. Difor inviterer vi til aksjeteikning i det nye driftsselskapet, som må ha ein aksjekapital på til saman 2.000.000. Informasjonsmøte som er planlagt i Stryn torsdag 29. april, vil presentere alle detaljar om dei nye selskapa og driftsmodell. Arbeidsgruppa har opplevd ein enorm positiv respons på arbeidet lokalt og frå skientusiastar frå heile landet, og vi håpar dette fører til stort engasjement også gjennom teikning av aksjar. Det er viktig at aktørar i Stryn, Skjåk, Geiranger og andre skientusiastar nasjonalt blir med på laget og bringer kapital, kompetanse og entusiasme til det nye selskapet. Detaljar for dette kjem vi attende til.
Opning i 2010
Det er lite snø i fjellet dette året, men kaldt ver i april fører til at snøen ikkje har smelta. Vi planlegg å opne i slutten av mai. Vi held veldig god kontakt med Statens Vegvesen som arbeider for at dei skal kunne opne vegen så tidleg som mogeleg. Legg ved bilde av anlegget per 22. april.
Samarbeid med Stryn Skisenter
Gjennom eit tett samarbeid med Stryn Skisenter vil ein få god drift på senteret denne sesongen. Det vil bli overført personell og utstyr frå senteret nær Stryn sentrum, til Strynefjellet denne sommaren. Ein er og i dialog med Strandafjellet Skisenter for eit samarbeid.
Enorm støtte
Arbeidsgruppa som har jobba med løysing har opplevd ei massiv positiv støtte frå mange hald. Eksempelvis har ein kameratgjeng med skientusiastar frå Oslo ” Akerselva Ski og Bøksøm” vedteke å gå inn med aksjekapital i det nye selskapet. På Facebook har gruppa ”Vi som håper Stryn Sommerski holder koken i 2010” no over 1800 medlemmar. Arbeidsgruppa blir i tillegg kontakta av mange som ønskjer å tilby kompetanse, kapital og arrangering av campar og aktivitetar i tilknytning til sommarskisenteret. Dette er veldig gledeleg og har vore ei god støtte i arbeidet for ei løysing.
|