" Det viktigaste ved all kommunikasjon
er å høyre det som ikkje vert sagt. "

Prosjekt

DIFF

LIFF


Nettverk

Registrering

Kompetanse

Nyheitsbrev


Nyskaping

Har du ein forretningside?


Kontorfellesskap

Vi har ledige løysingar!










Nyhende

Næringsutvikling i Stryn

Av
Til næringslivet i Stryn!

Som ein del av aktivitetane med næringsutvikling i Stryn vart det gjennomført studietur til Ørsta i samband med Kvivsvegkonferansen 2010 den 14. og 15.april. Turen var svært vellykka og vi fekk god representasjon frå kommune, utviklingsapparat og ikkje minst frå fleire store og små bedrifter frå Stryn. Det er ønskje om 2 årlege møter med utvida fokus på næringsutvikling der det eine møtet gjerne blir gjennomført som studietur til eit interessant område. Vi kjem til å følgje opp med lokal næringsdag i Stryn etter sommaren. Vedlagt finn de nokre presentasjonar og ei oppsummering frå diskusjonane ført i pennen av Steinar Nesdal. Her er nokre stikkord som oppsummerar ein del av studieturen:
Om næringsaktørane i kommunen:
- Steinar Nesdal er tilsett som ny leiar for Plan- og utviklingsseksjonen i Stryn kommune. Kommunen og Steinar vil arbeide tett opp mot Stryn Næringshage om næringsutvikling
- Stryn Næringshage og Stryn kommune har formalisert samarbeidsavtale om praktisk og utadretta næringsarbeid i kommunen (presentasjon vedlagt)
- SNS styrkar og spesialiserar sitt fokus på næringspolitiske saker
- Både kommune, SNS og Stryn Næringshage arbeidar tett saman for samla å framstå som ein sterk næringsutviklar for næringslivet og samfunnsutviklinga i kommunen. Formel vil alle 3 møtast jamleg i SAMFORUM

Om nokre aktuelle saker:
- Sterkt fokus på eigedomsskatt (spesielt ansvar for SNS framover i 2010). Vi må kome i dialog med politikarar og presse på med fakta/konsekvensar av ei eventuell auke. Vil bli tema i neste møte!
- Revisjon av kommuneplanen i 2010. Her må næringslivet og bedriftene kome med innspel som sikrar framtidig behov for areal og liknande
- Kommunikasjon mellom næringsaktørane og næringslivet blir viktig å finne gode kanalar og møteplassar for framover. Felles nyheitsbrev vert fast innslag
- Næringsarbeidet bør rettast mot nokre utvalde og prioriterte satsingsområder
- Nytt næringshageprogram er på trappene. Stryn Næringshage kan være i posisjon for dette. Meir informasjon om dette vil kome seinare
- Opning av Kvivsvegen i 2012
- Presentasjon og møte/bedriftsbesøk med Saferoad. Presentasjon av LEAN akademi i samarbeid med regionalt næringsliv og Høgskulen i Volda (presentasjon vedlagt)

Studieturen vart eit vellykka arrangement der mange viktige saker vart drøfta og diskutert undervegs. Vi håpar dei som fekk høve til å delta fekk godt utbytte, og at dette var starten på eit godt langsiktig arbeid med å vidareutvikle og kontinuerleg forbetre Stryn for både eksisterande og framtidige innbyggjarar og bedrifter i Stryn!

Som næringsaktørar er vi avhengig av å få høyre dine meiningar og innspel, så nøl aldri med å ta kontakt!


Stryn Næringshage as Stryn kommune Stryn Næringssamskipnad

Presentasjon Næringsutvikling i Stryn frå april 2010

Presentasjon av Lean i Saferoad og Vik-Ørsta

(Sist oppdatert 26.mai 2010, 14:36)

Gå til nyhendearkiv

Siste nytt

Næringshagen på Stortinget
Lunanor som inkubatorbedrift i Stryn Næringshage
God folketalsvekst i Stryn også i 2. kvartal
Næringsutvikling i Stryn
Informasjonsmøte Stryn Sommerski