Stryn kommune og Hornindal kommune er begge analysert opp mot andre kommunar i Sogn og Fjordane og vidare rangert i høve til alle kommunane i Norge. Totalt er det 431 kommunar med i analysen.
Folketalsendring
Stryn og Hornindal kjem på plass nummer 181 og 215 i rangeringar over folketalsutvikling frå 2000 til 2005. Førde er skarpast i fylket på 28. plass.
Samla sysselsetting
Her kjem Førde igjen best ut i Sogn og Fjordane med 42. plass. Stryn og Hornindal landar høvesvis på 180 og 364. Tala gjeld for utvikling siste 5 år.
Nettopendling
Stryn kommune er landets 48. største nettopendlingskommune. Hornindal kjem på plass nummer 308. Førde er igjen øverst på lista i Sogn og Fjordane på 5. plass.
Skattefunn (forskning)
Denne analyseparameteren tek utgangspunkt i andelen av foretak med minst eit godkjent prosjekt i ordninga skattefunn. Stryn kjem her på ein flott 51. plass som Hornindal følgjer opp på ein fin plass nummer 76. Bremanger kjem heilt opp på 16. plass og gjer at Nordfjord som region ligg mellom dei beste i landet på dette området.
Nyetableringsfrekvens
Denne parameteren måler nye foretak i Enhetsregisteret i prosent av eksisterande foretak. Her ligg både Stryn med 332. plass og Hornindal med 416. plass langt nede på listene. Flora kjem høgst av kommunane i Sogn og Fjordane på plass nummer 97. Oslo og andre store byar i landet ligg øvst.
Lønnsemd
Stryn kjem på plass nummer 294 medan Hornindal kjem på plass nummer 346. Leikanger kjem høgst i fjordfylket på plass nummer 71.
Vekst
Stryn kjem på plass nummer 314 medan Hornindal kjem på plass nummer 422. Jølster kjem høgst i fjordfylket på plass nummer 107.
Næringstettleik
Her kjem Stryn veldig høgt i nasjonal målestokk og inntek 11. plassen. Hornindal kjem på plass nummer 169. Førde ligg rett føre Stryn på 10. plass. Næringstettleik vert målt som private arbeidsplassar i prosent av folketal.
Totalt kjem Stryn og Hornindal høvesvis på 199. plass og 416. plass i næringslivsindeksen. Flora kommune kjem på ein flott 11. plass totalt, og er med dette den "beste" kommunen i Sogn og Fjordane. Hornindal inntek sisteplassen. Men, det er viktig å understreke at det blir gjort ein del "grove" føresetnadar i ein slik analyse. Dette kan du vurdere nærare ved å lese
heile rapporten her.