" Det viktigaste ved all kommunikasjon
er å høyre det som ikkje vert sagt. "

Prosjekt

DIFF

LIFF


Nettverk

Registrering

Kompetanse

Nyheitsbrev


Nyskaping

Har du ein forretningside?


Kontorfellesskap

Vi har ledige løysingar!










Nyhende

Stryn Vinterfestival 12 - 14. mars

Toppturar, BigAirBag konkurranse med Daniel Franck, foredrag frå fjellet Cho Oyo i Himalaya med Frank-Jakob Sandbakk , DJ Mariann Thommassen på Vertshuset og Iglo på Natakupa.

Av www.strynenytt.no
Variert program for vinterglade stryningar og besøkande under Vinterfestivalen 12.-14.mars. Hovudfokus vert på aktivitetar for heile familien på skisenteret og området rundt.
Arrangørane som har jobba med dette sidan før jul kan no presentere eit variert program. Hovudfokus vert på aktivitetar for heile familien på skisenteret og området rundt, men vi legg óg opp til hygge og sosialt for ungdom og ”unge vaksne i alle aldrar” i sentrum på kveldstid, seier leiar i arrangørkomitéen Anita Vinsrygg frå Lake.
Dugnad for vintertilbodet i bygda
Initiativtakarane til festivalen er ei gruppe engasjerte personar som alle ønsker å løfte Stryn som vinterdestinasjon for besøkande og samstundes utvikle tilbodet for ski- og friluftsinteresserte i bygda. - Vi tenker på framtida og ser føre oss at dette er eit arrangement som kan bli kommersielt på lengre sikt. Vi bør følge opp satsinga til stader som Sogndal og Stranda, og ein ser at Stryn på vinterstid har eit stort potensiale som er høvesvis lite utnytta. Med seg i dugnadsgjengen har ho Frode Briksdal (Stryn Skisenter), Henning Heimlid (Bergtatt Stryn), Henriette Moen og Even Flo (Tour de Flo), Rune Holen (Naturservice), Elisabet Kjerstad Bøe (Stryn Røde Kors), Jørn Sønsterudbråten (Fagre Stryn), Helge Gjørven (Stryn Næringshage) og sokneprest Kjetil Netland.

Lokale krefter
Tanken bak festivalen er å engasjere lokalbefolkninga og spele på spekteret av lokale krefter. Passande då er det at Frank-Jakob Sandbakk har sagt ja til å opne helga med eit ekslusivt foredrag til ære for Vinterfestivalen. Han skal fortelje historia og syne fram bileta frå sin ekspedisjon til fjellet Cho Oyo i Himalaya tidlegare i haust. - Vi er svært fornøgde med at Frank-Jakob stiller opp på dette, og vi trur det vert ei spektakulær oppleving for dei som tek turen til Kulturhuset på kvelden fredag 12.mars , seier Vinsrygg.

På dagtid er det ski og leik i snø som står i fokus, og både laurdag 13.mars og søndag 14. mars byr arrangørane på eit variert program med noko for einkvar smak. Sokneprest Kjetil Netland har sjølv teke initiativ til ei friluftsgudsteneste i Steindalen denne helga, noko vi tykte var ein strålande idé. Bergtatt Stryn og Sparebanken Sogn og Fjordane arrangerer skiskule for dei yngste med påfølgande besøk og bålkos i Røde Kors sin lavvo. Det vert lagt opp til offpiste kurs for ungdom og vaksne samt organiserte toppturar med guide. Even Flo håpar òg at så mange som mogleg tek turen innom igloen som skal byggast på Natakupa.

- Om snøtilhøva tillet det lagar vi jibbepark til disposisjon for festivaldeltakarane, og på søndag vert det Big Air Bag- konkurranse, fortel Frode Briksdal ved Stryn Skisenter.

– Det er heller ikkje ”kvensomhelst” som skal vere dommar i konkurransen. Deltakarane vert vurdert av snowboarder Daniel Franck, og tanken er at dei som ønsker det skal kunne hente litt tips og råd frå superstjerna i forkant av konkurransen, seier Briksdal.

- Når vi i tillegg har fått studentar frå Høgskulen i Volda til å lage film frå helga til framsyning under festivalen, og vår ”eiga” Mariann Thommassen stiller opp som DJ og lagar stemning på Stryn Vertshus og Stryn Hotel på kveldstid, vert dette ein skikkeleg lokaldugnad. - Vi håpar å trekke mykje folk til festivalen, og som eit ekstra servicetilbod vil Bowling1 setje opp gratis buss mellom sentrum og skisenteret, avsluttar Vinsrygg. Arrangørane oppfordar til å følge med i lokalavisa og på www.fagrestryn.no framover for detaljert program.


Program Vinterfestival

(Sist oppdatert 23.februar 2010, 12:27)

Gå til nyhendearkiv

Siste nytt

Næringshagen på Stortinget
Lunanor som inkubatorbedrift i Stryn Næringshage
God folketalsvekst i Stryn også i 2. kvartal
Næringsutvikling i Stryn
Informasjonsmøte Stryn Sommerski