|
Ei fantastisk stor bredde i eit solid næringsliv fører til at vi har mange spennande jobbmogelegheiter, også i turbulente økonomiske tider. Ein stor Grunderkultur og ein fantastisk natur ein har lett tilgang til på fritida trur vi og er med på å gjere Stryn til ein attraktiv kommune. Godt å sjå at det og viser igjen på folketalsutviklinga som auka med 1,8%. I Sogn og Fjordane er det kun Førde og Florø som har betre folketalsutvikling.
Det er og gledeleg å sjå at det er eit veldig bra fødselsoverskot i Stryn med 32 dette året. Resten av folketalsveksten er frå netto tilflytting.
Hornindal har fødselsoverskot på 8 og netto folketalsvekst på 4 personar. Samla har Hornindal no 1.227 innbyggarar.
|