LiFF har som å mål å tilby leiarutvikling av god kvalitet i fylket vårt. Samstundes legg vi stor vekt på å bygge gode nettverk i næringslivet i Sogn og Fjordane. Handelshøgskulen BI har det fagleg ansvaret for programmet. Programma er skreddersydde for bedrifter i fylket, og er tilbod til både toppleiarar og mellomleiarar.
Neste arrangement: Repetisjonssamling for mellomleiarar - vår 2007
LiFF starta opp våren 2004, og ein har sidan den tid gjennomført to leiarutviklingsprogram for toppleiarar og eitt for mellomleiarar. Til no har over 100 leiarar i fylket delteke på LiFF. Dei kjem frå store og små verksemder. Tilbakemeldingane frå deltakarane er svært gode. Lærdomen dei får er praktisk nyttig og godt tilpassa deira behov. Les meir om dette her.
LiFF - ein nyttig møteplass
Nettverka som ein skapar gjennom LiFF programmet skal vi jobbe med å halde vedlike gjennom årlege repetisjonssamlingar. På desse samlingane tek vi opp igjen det som ein har lært og inviterar foredragsholdarar som kan gi inspirasjon og døme på gode eksempel.
Første repetisjonssamling for toppleiarar vart gjennomført i Kalvåg i august 2006.