Etablere eiga bedrift
Har du ein spennande ide? Kan du tenke deg å starte eiga bedrift?
Å starte og drive eit føretak kan samanliknast med det å bygge sitt eige hus. Du har ein ide om kvifor og korleis du vil bygge. Dette krev grundig planlegging og nøyaktige førebuingar.
Det kostar pengar å bygge hus. Privatøkonomi og finansiering vil være avgjerande for korleis du går vidare med planane. Før du startar å bygge, må du kontakte "myndigheitene" som kan ha ulike synspunkt på kvar og korleis du bygger. Først når alle papir er i orden får du lov å starte.
Stryn Næringshage
Vår målsetting er å hjelpe fram alle som vurderar å starte føretak - bygge sitt eige hus - i Stryn.
Stryn Næringshage samarbeidar mellom anna med Inkubator Vest, Fjord Inkubator, Stryn kommune og Innovasjon Norge om å hjelpe i gang dei som ønskjer å vurdere ideen sin og potensialet for å starte eiga verksemd.
Vi har også tilgang på eit breitt nettverk av bedrifter og kompetanse som ofte kan være til stor hjelp i etableringsprosessen.
Vegen frå idefasen til oppstart og drift kan være lang og uoversikteleg. Næringshagen skal hjelpe deg gjennom denne prosessen. Utan kostnad for deg kan vi hjelpe med:
vurdering av ideen og marknaden
finansiering
søknadar og forretningsplan
reglar og lovverk
Ta gjerne kontakt for eit møte!
helge Gjørven
Mobil: 90 64 21 26
E-post:helge@stryn-nh.no
|
|
 |
|